EKSEMPEL KROPPSØVING
Kompetansemål etter 7. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
utforske og gjennomføre leik og spel saman med andre i ulike bevegelsesaktivitetar
øve på samansette bevegelsar, åleine og saman med andre
gjennomføre aktivitetar ut frå eigne interesser og føresetnader i dans, friluftsliv, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar
bruke kart, digitale verktøy og teikn i naturen til å orientere seg i natur og nærmiljø
forstå
og praktisere reglar for aktivitet og spel og respektere resultata
forstå ulikskapar mellom seg sjølv og andre og delta i bevegelsesaktivitetar som kan vere tilpassa ikkje berre eigne føresetnader, men òg andre sine
utføre grunnleggjande teknikkar i symjing på magen, på ryggen og under vatn
vurdere sikkerheit i uteaktivitet og naturferdsel og gjennomføre sjølvberging i vatn
bruke nærmiljøet og utforske lokale kulturar for friluftsliv
gjere greie for allemannsretten under ferdsel og opphald i naturen
gjennomføre overnattingstur og reflektere over eigne naturopplevingar
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i kroppsøving på 5., 6. og 7. trinn når dei deltek og lærer i varierte bevegelsesaktivitetar, praktiserer reglar for aktivitet og spel, og forstår ulikskapar mellom seg sjølve og andre. Elevane viser òg kompetanse gjennom å reflektere over bevegelsesaktivitetar, sosialt samspel, naturferdsel og naturopplevingar.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte bevegelsesaktivitetar som elevane gjer åleine og saman med andre, og gjennom at elevane får vurdere eiget arbeid i kroppsøving. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i kroppsøving. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i bevegelsesaktivitet, leik, spel, sjølvberging i vatn og friluftsliv i nærmiljøet.